Sal av næringsareal

Sal av næringsareal

Det er fleire ledige næringsareal i Vanylven.

Eidså sag

Ledig næringsareal ved sjø, med lett tilkomst frå fylkesveg på Eidså. Gnr 100, Bnr 106 og 107.

Veg og kai forblir i kommunalt eige. Tomt I forblir også i kommunalt eige inntil vidare for å sikre plass nær kai for utskiping av tømmer og liknande.

Eidså sag, pris
Tomt Areal m2 Pris per m2 Totalt Skildring
1 Fast dekke og nær kai, ingen bygningar
2 3 769 kr 150 kr 565 320 Delvis fast dekke og rå tomt. Ingen bygningar.
3 2 914 kr 175 kr 509 950 Fast dekke. Saghus (1300 m2 ) ligger på tomt
4 1 213 kr 250 kr 303 250 For det meste fast dekke. Limtrehall (160 m2) på tomt.
5 1 044 kr 150 kr 156 600 Delvis fast dekke og rå tomt. Tørkehall (80 m2) på tomt.
6 4 006 kr 150 kr 609 900 Delvis grus dekke og rå tomt. Lagerbygning og porthus på tomt.
7 1 597 kr 100 kr 159 700 For det meste rå tomt. Ingen bygningar.
Sum 14 603 kr 157 (snitt) kr 2 304 720

Pris per m2 er fastsatt etter ein heilskapleg vurdering av tomt og nytteverdi av bygning (for dei tomter der det står bygningar). Det visast til verditakst for detaljar rundt bygningane.

Ved eit eventuelt vidaresal vil Vanylven kommune ha forkjøpsrett. Salssummen vi då basere seg på ein verdivurdering som Vanylven kommune bestiller, utført av ein uavhengig takstmann. Om Vanylven kommune vil nytte seg av forkjøpsretten vil bli vurdert i kvart einskild tilfelle.

 

Lilleeide næringspark

Næringsareal ved fylkesveg 61 mellom Eidså og Fiskå, med fleire ledige tomter. Tomtene må opparbeidast, men er elles kostnadsfrie.

Gnr. 15, bnr. 7. Pr november 2017 er det 14 ledige tomter på Lilleeide. (PDF, 263 kB)Frå tidligare er 5 tomter tildelt.

Ved tildeling er det krav om at tomtene må vere ferdig oppfylt og planert innan 2 år frå vedtaksdato. Dersom tomtene ikkje er starta å bygge på innan 3 år blir desse ført tilbake til Vanylven kommune vederlagsfritt. Tomtene vert gitt bort gratis, men kjøpar dekkjer kostnadar til oppmåling mm.

Kontakt

Kim Andre Ekremsæter
byggingeniør
E-post
Mobil 99 44 22 33