Klage på vedtak

Klage på vedtak

Du kan klage på enkeltvedtak, til dømes:

  • byggeløyve eller avslag
  • deling eller seksjonering
  • reguleringsplan
  • refusjon av utgifter til opparbeiding av veg
  • retting eller opphøyr av bruk
  • sikring og istandsetting av byggverk og installasjonar
  • sikring av byggeplass
  • stenging av løfteinnretning
  • opprydding av tomt
  • godkjenning av avkøyrsel
  • vedtak om adressering
  • andre forvaltningsvedtak

Når kan du klage?

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen må være postlagt før fristen går ut.

  • Har du ikkje mottatt vedtaket, er fristen tre uker frå du vart kjent med vedtaket eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket. 
  • For planvedtak som blir offentleg kunngjort, må du klage seinast tre veker etter kunngjeringsdagen.

Sjølv om du sender inn klagen for seint, kan vi i nokre tilfelle etter ein konkret vurdering handsame klagen. Sjå forvaltningslova sine reglar om å klage på vedtak etter fristen.

Kven kan klage?

For at vi skal handsame klagen di, må du være part i saka eller ha rettsleg klageinteresse.

  • For at du skal være part i saka, må vedtaket rette seg mot deg, eller direkte gjelde deg.
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha ein tilknytning til saka. Du kan også ha ein rettsleg klageinteresse om du har ein viss tilknytning til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeningar og interesseorganisasjonar der saka omhandlar eigedomen fysisk (sol, luft, lys og skuleveg) eller økonomisk (konkurranseforhold og verditap). Om du har rettsleg klageinteresse vurderer vi i kvart enkelt tilfelle.

Slik klagar du

Det enklaste for deg og for oss er at du leverer inn klagen elektronisk: lenke til skjema for klage på enkeltvedtak

Dersom du heller vil levere klagen som eit vanleg brev eller e-post må du gjere følgjande:

  • Skriv at det er ein klage.
  • Skriv kva vedtak du klagar på, for eksempel saksnummer eller namnet på saka det gjeld.
  • Skriv kva forhold du har til saka, for eksempel at du er nabo eller næringsdrivande i området.
  • Grunngje kvifor du klagar, og skriv tydeleg korleis du ønsker vedtaket endra.
  • Dersom du har ny informasjon som ikkje er omtala i saka, er det viktig at du sender inn den.
  • Klagen må være underskrive av deg eller din fullmektig, til dømes advokat.

Dersom du ber om at gjennomføringa av tiltaket skal stoppast til klagen er avgjort, må du legge ved ein eigen forklaring for dette (utsatt iverksetting av vedtak).

Kvar sender du klagen?

Om du ikkje nytter deg av skjemaløysinga vår skal klagen sendast på e-post til: postmottak@vanylven.kommune.no

Alternativt kan du sende klagen som brev til:

Vanylven kommune
Rådhuset
6143 Fiskå

Sakshandsaming, dokumentinnsyn og rettleiing

Den instansen som har gjort vedtaket det vert klaga på, skal også handsame klagen.

Dersom vedtaket ikkje vert endra blir klagen sendt vidare til Fylkesmannen i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd.

Med visse avgrensingar har du rett til å sjå dokumenta i saka. Reglane om dette er forklart i forvaltningslova §§ 18 og 19. Du må i tilfelle ta kontakt med oss.

Vi kan også gje deg nærare rettleiing om retten til å klage, om framgangsmåten og om reglane for sakshandsaming.

Kostnadar ved klagesaka

Det er tilgang til å kreve dekning for vesentlege kostnadar i samband med klagesaka. Føresetnaden er da vanlegvis at vedtaket blir endra til ein fordel for ein part. Reglane om erstatning for sakskostnadar er heimla i forvaltningslova § 36. Klageinstansen kan orientere deg om retten til å kreve slik dekning.

Relevante lenke

Forvaltningslova