Deling av eigedom - frådeling

Deling av eigedom - frådeling

Ønskjer du å frådele ei tomt eller opprette ein festegrunn for meir enn ti år? Opprettelse av ny grunneigedom er søknadspliktig jf. plan- og bygningsloven (pbl) § 20-4 d), og du må søkje kommunen om tillatelse. Ein slik tillatelse er eit trinn nr.1 i ein saksbehandlingsprosess der trinn to er å avhalde ei oppmålingsforretning. Gjennom oppmålingsforretningen får den nye enheta eit eige gårds- og bruksnummer, eventuelt eit eige festenummer. Den nye enheta blir registrert i matrikkelen. 

Kven kan søkje? 

I følge plan- og bygningsloven § 21-1 sjette ledd, er det kun den som er nevnt i matrikkellovens § 9 som kan søkje om tillatelse til opprettelse av ny eigedom. Det vil i dette tilfelle sei at: 

  • Grunneigar, altså den eller dei som er registrert som i heimel i matrikkelen. 
  • Personar som gjennom ein rettskraftig dom er kjent som eigar til den delen av eigedommen som ønskast frådelt. 
  • Personar som har innløyst festegrunn etter lov om tomtefeste. 

Dersom andre enn nemnt ovanfor skal søkje, må det framleggast skriftleg fullmakt. Fullmakten må  vere datert og eintydig. 

Slik søkjer du

Teikn inn på kart i målestokk 1:500 eller 1:1000 slik som du tenker at den nye tomta skal sjå ut.

Du kan frådele  fleire parsellar samstundes. Det er viktig at du målsetter godt og merkar dei med parsell 1,2 osv.

Det er grunneigar som kan søke om frådeling.  Dersom nokon annan skal søke må dei ha fullmakt frå grunneigar. 

Naboar og gjenbuarar må ha nabovarsel.  Naboar er eigarar/festarar av eigedom som grensar til eigedomen din.  Gjenbuar er eigar/festar av eigedom på andre sida av vegen.
Skjema for nabovarsel finn du her 

Kva må vere i orden for å få godkjent søknad?

Frådelinga må vere i samsvar med gjeldande arealplan, altså kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplan, for området. Dette vil sei at: 

  • Frådelinga må vere til same formålet som området er avsatt til i plan. 
  • Dersom plankartet viser tomtegrenser, må dei nye grensene vere i samsvar med desse. 
  • Ulike planbestemmelsar som feks krav til utnyttingsgrad, minste uteopphaldsareal, parkeringsareal m.m må kunne ivaretakast både for ny og gjenverande eigedom.

Om ikkje kan det søkjast om dispensasjon. Dispensasjon finn du meir informasjon om dersom du søkje i søkjefeltet. 

Frådelinga må jf. pbl § 26-1 gjerast på ein slik måte at det ikkje oppstår forhold som strider mot pbl, tilhøyrande forskrift eller arealplan. Opprettelse eller endring av ein eigedom, må heller ikkje gjerast slik at det blir laga tomter som er uegna til bebyggelse på grunn av sin størrelse, form eller plassering etter reglane i pbl. Desse hensyna gjeld både den nye og den opprinnelege eigedommen. 

Den nye eigedommen må tilfredsstille plan- og bygningslovens krav til vatn, avløp og adkomst for byggetomt, jf. pbl kapittel 27. I forhold til eigedommens bebyggelse, vil tilknytningsmoglegheitene for veg, vatn og avløp være vesentlege. I søknaden må du derfor gjere greie for desse forholda. 


Naboliste

Dersom du trenger naboliste blir det ordna på vårt servicetorg. Elles kan naboane bekrefte på mail at dei samtykkjer i planane. Naboane skal sende evnt. merknadar til deg, slik at du kan sende  dei samla saman med søknaden til kommuna.

Nabovarsel

Dersom du skal sende nabovarsel rekomandert i posten, så må du fylle ut eit nabovarsel til kvar enkelt nabo  saman med kart som syner tenkt frådeling.  Vidare tek du med nabovarslingslista til posten der dei kvitterer på  at du har sendt nabovarsel rekomandert.  Dersom du ikkje har høyrt frå den varsla naboen etter 14 dager, så kan du rekne med at naboen godkjenner frådelingsplanane.

Skjema for nabovarsel finn du her 

Søknad om frådeling skal innsendast i ett eksemplar og skal innhalde: 

  • Søknadsblankett 
  • Kvittering for nabovarsel og opplysningar gitt i nabovarsel. 
  • Eventuelle merknadar frå naboar 
  • Situasjonsplan 
  • Eventuelle uttalelsar og avgjeringar frå andre myndigheter
  • Eventuelle erklæringar eller avtalar i forbindelse med vegrett og/eller VA-ledningar
  • Eventuell søknad om dispensasjon 
  • Rekvisisjon av oppmålingsforretning - søknadspliktige tiltak. 

 

Søknaden kan sendast til
postmottak@vanylven.kommune.no eller til
Vanylven kommune, rådhuset, 6143 Fiskå

Kontakt

Oddvin Aarskog
GIS-ingeniør
E-post
Telefon 94 97 38 16