Seksjonering

Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygninga. Endringar av allereie seksjonerte eigendommar kallas reseksjonering.

Vilkår: 

For å få etablert ein seksjon, må brukseininga(ene) vere godkjend etter plan- og bygningslova sine reglar for det formålet den skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, medfører dette at pålagte bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering kan skje.

Slik søkjer du:

Reseksjonering

 

Pris:

For handsaming av søknad om seksjonering / reseksjonering vert gebyr sett til 3 * rettsgebyret med eit tillegg på 2 * rettsgebyret når synfaring er naudsynt jf. eigarseksjonslova (ESL) sin § 15. 

Dersom uteareal skal seksjonerast på ein slik måte at det etter § 13 i ESL skal utarbeidast målebrev etter reglane i matrikkellova, kjem gebyr for arbeid etter matrikkellova i tillegg.

Behandlingstid:

Lova innfører tidsfristar for kommunen si handsaming av seksjoneringssaker. Sakshandsamingsfristen er 12 veker.

Lov og retningsliner:

Lov om eierseksjoner (eierseksjonsloven)