Kva må til for å sende ein byggjesøknad ?

Kva må til for å sende ein byggjesøknad ?

Å lage ein komplett byggjesøknad tar ofte lenger tid enn det ein trur. Det kan ta alt ifrå dagar til veker å få tak i alle relevante dokument til eigedommen din. Det tar også tid å sette seg inn i alle dokumenta, og  å finne ut om du kan byggje slik du ønsker. 
 

Søknadskjema: 

Steg 1: Finn planane og bestemmelsane for din eigedom

  • Finn adressa di inn på karttenestane våre
  • Ta vare på gardsnummer, bruksnummer, festenummer og seksjonsnummer. Dette står ofte oppført som gnr, bnr, fnr og snr eller på formatet 12/345. 
  • Du treng eit situasjonskart over eigedommen. Dette kan du bestille med kommuna. Som regel får ein også med reglane som gjeld for din eigedom. 
  • Sett deg godt inn i reglane for eigedommen din, sånn som kommuneplanen sin arealdel, reguleringsplan eller områdeplan som gjeld for din eigendom.
  • Ta kontakt med kommuna om du er usikker på om du har funnet relevante dokument.
     

Steg 2: Kor stort kan du byggje på eigendommen din

  • Finn ut kva slags berekningsmåte som gjeld for din eigedom (feks BRA, BYA og %TU. Dette finn du i reguleringsbestemmelsane som gjeld for eigedommen 
  • Lag ei oversikt over størrelsen på alt som er bygd frå før av 
  • Bruk tenesta kor stort kan du bygge  for å finne ut kor mykje meir du kan byggje på eigedommen din. 
  • Ta vare på resultatet, sidan dette skal med i byggjesøknaden din. 
     

Steg 3: Kva må du ta hensyn til? 

Steg 4: Teikne og plassere byggverket 

  • Du må lage teikningar som gjer det enkelt å forstå korleis bygninga di skal sjåast ut. Teiningane må vere i målstokk og målsatte. Du treng vanlegvis: 
    - planteikningar (oppgi kor store romma er og kva du skal bruke dei til) 
    - snitteikningar (må vise snittet på bygninga både på langs og på tvers, og du må angi høgde på etasjane) 
    - fasadeteikningar (må vise alle sider av bygninga, og terrenget rundt bygninga både før og etter endringa. 
  • Finn fram situasjonskartet og bruk linjal for å teikne inn det du skal byggje eller rive i same målestokk som situasjonskartet. Mål opp og teikn inn kortaste avstand frå det du skal byggje og fram til: 
    - nærmaste bygg på eigen eigedom
    - nærmaste nabobygning
    - nabogrense
    - midten av gang-, sykkel- eller bilveg. 
  • Bur du i nærleiken av for eksempel vatn- og avløpsleding eller noko anna som kan begrense kor du kan byggje? Då må du teikne inn avstandar til dette på situasjonskartet 
  • Usikker på korleis du lagar gode teikningar? Då kan du få hjelp av fagpersonen vår i kommuna. 
  • Bruk vegvisaren "Kor stort kan du byggje" for å finne ut at bygninga ikkje blir for stor.  
  • Ta ei utskrift av resultatet, og legg ved i byggjesøknaden 

     

Steg 5: Orientere naboane 

  • Bestill ei naboliste over alle naboane dine frå kommuna 
  • Samle alle teikningane og anna dokumentasjon som naboane treng for å kunne ta stilling til prosjektet
  • Lag kopiar av dette setter, sånn at du har ein til kvar nabo, og eit ekstra som kan leggast ved byggjesøknaden. 
  • Fyll ut skjema for nabovarsel. Du finn skjema her
  • Lever nabovarselet til alle naboane på nabolista. Husk at: 
    - Er det fleire eigarar av same eigedom, må ale varslast 
    - Er kommuna oppført som nabo, må dei også varslast. 
  • Ta vare på dokumentasjonen eller kvitteringa som bekrefter at naboen har mottat varselet. Dette skal leggast ved i byggjesøknaden 
  • Du må vente i 14 dagar før du sender byggjesøknaden til kommuna. Dette er fordi naboane skal ha tid til å sette seg inn i byggeplanane dine, og kunne komme med merknadar. Du slepp å vente dersom alle naboane har bekrefta at dei samtykkjer byggjeplanane. 
  • Har nokon kome med merknadar? Vurder ut frå merknadane om du burde: 
    - endre byggjeprosjektet og varsle alle naboane på nytt 
    - sende inn byggjesøknaden som den er, med alle merknadane og dine kommentarar til kvar enkelt merknad. 

 

Steg 6: Fyll ut søknaden og send inn

  • Du kan sende inn byggjesøknaden når fristen for nabovarselet har gått ut eller dersom alle naboane har gitt samtykkje til byggjeplanane 
  • Bruk eit av desse to skjemaa: 
    - Byggjesøknad for deg som ønskjer å bygge eller rive - gjeld også for tilbygg mindre enn 50 m2 og frittliggande bygningar mindre enn 70 m2.
    - Søknad om bruksendring - når du skal gjere om ein tilleggsdel til ein hovuddel i eigen bustad.
  • Fyll ut alle felt i søknadskjemaet 
  • Samle alle vedlegg som skal leggast ved byggjesøknaden din 
  • Send inn byggjesøknad med alle vedlegg: 
    - Er du usikker om søknaden er komplett? Vent på tilbakemelding frå kommuna før du startar å byggje. 
    - Er du sikker på at søknaden er komplett, og at du ikkje treng dispensasjon eller andre tillatelsar? Då er saksbehandlingstida 3 veker. 
    - Har du søkt om dispensasjon eller andre tillatelsar? Då er saksbehandlingstida 12 veker. Det kan ta 4 veker dersom kommuna må innhente tillatelsar, samtykke eller uttalelsar frå andre myndigheiter. 

     

Steg 7: Få svar på søknaden 

  • Du må vente på byggetillatelse frå kommuna før du startar å byggje 
  • Husk å bruke kvalifiserte fagpersonar ved behov 
  • Lykke til med bygginga 😃

     

Steg 8: Skaffe ferdigattest 

  • Når bygget er heilt ferdig, må du søkje kommuna om ein ferdigattest. 
  • Søknadskjema finn du her 
  • Du må vente i 3 veke frå du sender inn søknaden om ferdigattest til du kan ta i bruk bygget. 

 

Kontakt

Kim Andre Ekremsæter
byggingeniør
E-post
Mobil 99 44 22 33