Ferdigattest

Dersom du har søkt om å få bygge noko,må du søkje om ferdigattest når arbeidet er utført. Byggverk må ikkje takast i bruk før det er gitt midlertidig bruksløyve eller ferdigattest.

Informasjon finn du også på direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.

Kva kan du forvente?

Etter at du har levert søknad om ferdigattest vil sakshandsamar sjå at tiltaket er gjennomført som omsøkt. Ferdigattest vert då sendt ut til deg.

Kva kostar det?

Du har levert byggesøknad . Ferdigattest er ein del av den summen du har betalt då du leverte søknad.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Skal du søkje ferdigattest gjer du dette i eige skjema.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.

Informasjon finn du også på direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.

Kontakt

Kim Andre Ekremsæter
byggingeniør
E-post
Telefon 70 03 00 74
Mobil 994 42 233