Nærtenestesenter i Vanylven kommune

Nærtenestesenter i Vanylven kommune

Vanylven kommune har gleda av å informere dei tilsette om at vi har blitt valt ut som ein av pilotkommunane i eit tre-årig prosjekt, Nærtenestesenter. Dette prosjektet er initiert av regjeringa gjennom Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) og skal samle statlege og kommunale tenester under same tak for å gjere tenestene meir tilgjengeleg for innbyggjarane våre.  

Regjeringa understrekar at gode tenester nært folk er viktig, spesielt i område med store avstandar og avgrensa kollektivtilbod. Målet med pilotprosjektet er å prøve ut ulike former for samlokalisering av statlege og kommunale publikumstenester, noko som skal gi betre tilgang til statlege og kommunale tenester. Dette kan for eksempel vere gjennomføring av teoriprøve hjå Biltilsynet; skattekort for utanlandske borgarar; digital rettleiing for statlege tenester og booking av kommunale tenester. 

Vanylven kommune er ein av ni utvalde kommunar som skal delta i pilotprosjektet. Dei andre kommunane er Tokke, Lebesby, Nore og Uvdal, Ulstein, Meløy, Øygarden, Værøy og Gamvik kommune.  

I søknaden vår til KDD la vi vekt på utfordringane vi står ovanfor med folketalsnedgang og avstandane til fleire statlege publikumstenester. Det kollektive tilbodet er begrensa, og med ei stadig eldre befolkning, er det viktig for oss å finne kostnadseffektive måtar å tilby tenestane på. Eit nærtenestesenter kan vere starten på dette.  

Vanylven kommune vil motta 2,1 millionar kroner frå staten for å etablere Nærtenestesenter på Fiskå. Det står klart flotte lokaler til formålet på Combisenteret, nærare bestemt i dei tidlegare NAV-lokala i 2. etasje. Desse lokala vil bli tilpassa for å møte behova til eit moderne Nærtenestesenter.  

Pilotprosjektet vil gå over tre år, og vi skal kontinuerleg evaluere og tilpasse senteret for å sikre at det møter behova til innbyggjarane våre. Målet er å skape ein modell som kan implementerast i andre kommunar etter pilotperioden. Vi ser fram til å sjå dei positive verknadane av dette prosjektet, både for innbyggjarane våre og for kommunen som heilskap.  

Vi oppmodar alle tilsette til å støtte opp om prosjektet og bidra til at det blir ein god prosess. Dette er ein unik moglegheit for Vanylven kommune til å gå føre som eit godt eksempel på korleis ein kan tilby tenester på ein meir effektiv og tilgjengeleg måte.  

 

Andreas Chr. Nørve    

Kommunedirektør                                                   

 

Paul Sindre Vedeld                                          

Ordførar