Kommunane har over tid hatt fokus på å sjå på kva ringverknader prosjektet med Stad skipstunnel kan ha for regionen og for lokalsamfunnet. Ved oppstart av prosjektet, så var dei mest tydeleg synergiane utnytting av tunnelmassane for å etablere nye landareal – og spesielt knytt til næringsverksemd. Kommunane har difor i det siste året hatt fokus på avklaring av aktuelle område for plassering av tunnelmassane – og kommunane er no i sluttfasen knytt til prioritering og regulering av område for mottak av tunnelmassane.
Stad, Vanylven og Kinn kommune ønskjer no å etablere eit fellesprosjekt for å sjå på andre regionale ringverknadar i samband med realisering av skipstunnel. I denne samanheng har kommunane fått utarbeida ein prosjektplan med følgjande hovudaktiviteter
- reisemål, lokalsamfunn og næringsutvikling
- effektive transportaksar og auka mobilitet
Prosjektet er finansiert av kommunane Stad, Vanylven og Kinn kommune, fylkeskommunane i Vestland og Møre og Romsdal fylke samt at det i tillegg er private bidragsytarar. I utkast til prosjektplanen er det ordførarane, næringsselskapa; representant frå Fjord Norge og representant frå hamneselskapa i regionen. I tillegg har kommunedirektørane; representantar for fylkeskommunane og representantar for Kystverket. I prosjektgruppa er det administrativ representasjon frå kommunane for samfunn, plan og næringsutvikling. I prosjektplanen er det ein tidsplan med følgjande tre fasar
- oppstart og planlegging (hausten 2022)
- strategi og vegval (hausten 2022)
- involvering og dialog (våren 2023)
I denne samanheng ønskjer kommunane å be om tilbod frå ulike konsulentmiljø for å kunne vere prosjektleiar. Det er naturleg at vedlagt prosjektplan blir utgangspunkt når det skal gjevast tilbod og som blir vurdert etter:
Kriterium 1:
Kompetanse – tilbydar må gi ei kortfatta oversikt over dei konsulentane som skal gjennomføre oppdraget – det skal leggast ved CV for desse konsulentane samt referanseliste som viser at konsulentane har gjennomført tilsvarande prosjektoppdrag tidlegare.
Kriterium 2:
Oppdragsforståing – tilbydar må, med bakgrunn i vedlagt prosjektplan, gi ei skildring av korleis oppdraget er tenkt utført i høve skisserte hovud- og delaktivitetar etter vedlagt prosjektplan og i samsvar med tidsplanen.
Kriterium 3:
Timepris/timeprisar – tilbydar skal oppgi timepris/timeprisar for dei konsulentane som skal uføre oppdraget – dersom det blir tilbode fleire timeprisar, vil gjennomsnittleg timepris bli evaluert. I tillegg så skal tilbydar estimere totalpris for gjennomføring av prosjektplanen i samsvar med hovud- og delaktivitetar i oppgitt tidsperiode – dette må difor også inkludere eit estimat på reise- og opphaldskostnadar i prosjektperiodet
Tilboda blir vurdert av styringsgruppa ut frå ovannemnde kriterium og i prioritert rekkefølgje. Eventuelle spørsmål til konkurransen må sendast til oppdragsgivar innan 27. september 2022 på postmottak@vanylven.kommune.no.
Frist for å gi tilbod er 3. oktober 2022 og tilbodet sendast til postmottak@vanylven.kommune.no.
Kommunane tek atterhald for finansiering samt endeleg godkjenning frå kvar kommune i prosjektet.