Informasjon angåande koronapandemien

Informasjon angåande koronapandemien

Har du symptom, ta ein hurtigtest eller bestill PCR-test på c19.no eller 70030109

Helsedirektoratet anbefalar at alle med symptom på covid-19 tek ein hurtigtest. Ved usikkerheit omkring eit negativt resultat bør ein bestille ein PCR-test. Du får gratis hurtigtest frå kommunen. Hurtigtest kan hentast på servicetorget på rådhuset i opningstida.
Av smittevernomsyn ber vi om at innbyggjarar med luftvegssymptom får symptomfrie pårørande til å hente test for seg. Hugs å bruke munnbind når du hentar testar! 

For personar som har symptom, men ingen friske til å hente for seg:
Ring koronatelefonen 70030109 mellom kl. 09.00-15.00 måndag til fredag for å avtale utlevering.

Registrering av positivt resultat på sjølvtest

  • Dersom du får positivt resultat på sjølvtest (testen viser at du har covid-19) ber vi om at du registrerer det.
  • For at vi skal halde oversikt over smittesituasjonen, er det viktig at alle registrerer positivt testresultat.
  • Du kan registrere det positive resultatet her, eller ringe koronatelefonen, så registrerer dei resultatet for deg. 

Ta kontakt på 70030109 ved spørsmål.  

Les meir om isolasjon på nettstaden til Helsedirektoratet

Gjeldande informasjon og oversikt over råd og reglar om koronaviruset

Les meir om koronavirus og koronavaksinasjon på nettstaden til Folkehelseinstituttet

Status og historikk for Vanylven kommune

 

La-Rel Easter/Unsplash.com