Utvida frist for å søkje kommunen om kulturmidlar ! - søknadsfrist 15.mai

Klikk for stort bilete

Sidan mange av søkjarane våre har hatt utfordringar med å gjennomføre årsmøter og andre samlingar har vi utsatt søknadsfristen for kulturmidlar. 

Du kan no søkje heilt fram til 15.mai !

 

Kven kan få tenesta?

Personar, organisasjonar, foreiningar, lag og organisasjonar som driv eller vil starte kulturverksemd i Vanylven kommune.

Kva kostar det?

Det er gratis å søkje kulturmidlar. 

Korleis søkjer du?


Du kan søkje på seks forskjellige tilskotsordningar:

 

  1. Tilskot til drift av lag og organisasjonar
  2. Oppstartstilskot – fast tilskot på kr. 2.500,-
  3. Tilskot til forsamlingshus.
  4. Tilskot til enkelttiltak/arrangement
  5. Tilskot til kursdeltaking og leiaropplæring
  6. Tilskot til enkelttiltak og arrangement som går i underskot. 

Legge ved nødvendig dokumentasjon ut frå retningslinjene. 

Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar finn du her.(DOC, 39 kB)

Søknadskjema finn du her