Søk støtte til prosjekt for ungdom

Søk støtte til prosjekt for ungdom

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal deler ut 250 000 kr to gongar i året til prosjekt for ungdom i heile fylket. Tilskotet blir delt ut til prosjekt som skapar engasjement og skal gå til aktivitetar for ungdom mellom 13 og 19 år, som ikkje får anna støtte av fylkeskommunen.

Held du på med noko som du treng økonomisk støtte til? Treng du pengar til utstyr for ungdomsklubben, arrangement eller noko heilt anna? No kan du søke om støtte frå ungdomsmidlane.

Ungdomspanelet ynskjer å støtte prosjekt som:

  • Samlar ungdom
  • Gir positiv effekt over lengre tid
  • Er opent for fleire

Døme på kva du kan søke om er:

  • Diverse utstyr
  • Pengar til arrangement

 

Neste søknadsfrist er 1. april 

Les meir om ordninga og søk på nettstaden til Møre og Romsdal fylkeskommune

 

La-Rel Easter/Unsplash.com