Retningslinjer frå 10.08.20

Retningslinjer frå 10.08.20

Kommuneoverlegen i Vanylven har no i sammarbeid med kommuneleiinga oppdatert dei nye retningslinjene frå 10.08.20. 

Ved mistanke om covid-19, bør ein teste seg.

Ved akutt luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19, bør ein ikkje vere saman med andre på jobb eller i sosiale samanhengar.

Alle som kan ha blitt smitta med covid-19, anten som nærkontakt eller etter reise i raudt eller gult land dei siste 10 dagane. 

Ring koronatelefonen på tlf: 700 30 109, for å avtale tid og stad for testing.

 

Vanylven helse- og omsorgssenter: 

  • Besøk på sjukeheim kan gjennomførast på eige tilrettelagt besøksrom. Vi oppmodar om flest mogleg besøk ute. Ved alvorleg sjukdom hjå pasient vil ein vi framleis legge til rette for besøk på pasienten sitt rom.
  • Tal besøkande bør avgrensast til 1-4 pr gong. Dei næraste vært prioritert.
  • Alle besøk skal avtalast med avdelinga (ansvarsvakt) i god tid på førehand. De må seie ifrå kor mange som kjem på besøk når de ringer.
  • Vi fører besøksprotokoll der vi registrerer namn og telefonnummer til alle besøkande, noko som sikrar rask smittesporing dersom det vert naudsynt. Det er frivillig å oppgi personopplysningar til dette.
  • Alle besøkande er forplikta å melde frå til institusjonen dersom ein etter besøket får påvist smitte med Covid-19. Om ein blir definert som nærkontakt i tida etter gjennomført besøk, oppmodar vi og til at du gir oss beskjed om dette.
  • Dei besøkande skal vere friske, og ikkje ha teikn til luftvegsinfeksjon eller anna akutt sjukdom. Om ein har hatt slik infeksjon skal dei ha gått minst 2 døgn utan symptom før besøk. Om du nyleg har vore i utlandet bør du gi beskjed om dette.
  • Besøkande skal gjennomføre handvask/spritvask før og etter besøket. Det same gjeld den som mottek besøk. Ansvarsvakt skal sjå til at dette vert utført.
  • Det generelle rådet ved besøk er 1 m avstand.
  • Det er lov å ta med gåver, blomster etc.
  • Besøk aukar smitterisiko. For dei pasientane som ikkje sjølv har forståing for smitterisiko ved besøk, ønsker vi at andre enn næraste familie (ektefelle, barn, barnebarn), avtaler med hovudpårørande om besøk er ok.

Legekontor:

  • Dersom du vil ha time, resept eller skal ta blodprøve MÅ du ringe først. Du kan nå legekontoret på tlf: 70030100
  • Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon og skal testast for Covid-19, ber vi deg om å ringe koronatelefonen på tlf: 700 30 109

Les meir om testing av covid-19 i Vanylven kommune sine nettsider

 

Helsestasjonen:

Helsestasjonen med jordmorteneste, helsekonsultasjonar, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom har vanleg drift.  Vi følger smittevernreglane om at både vaksne og barn må vere friske når ein møter. Har ein symptom som sår hals, hoste og rennande nase sjølv om ein ikkje har feber, eller magesmerter, skal ein ikkje møte. Kontakt oss via legesenteret på tlf. 70030100, eller bruk vår sms-teneste som de finn på kommunen si heimeside under «helsestasjon».

For å minske faren for smitte ber ein om at det helst er berre ein vaksen som følgjer barnet til konsultasjon. Søsken skal ikkje vere med. Det er også fint om ein har med litt leike til barnet, då dette er tatt bort frå våre lokale.

Ta kontakt i forkant av timen om det er noko som er vanskeleg i høve oppmøte.

 

Hovudbibliotek i Syvde: 

  • Opnar opp igjen 17. august med vanlege opningstider og med gult smittevern-nivå - slik som det var i juni.

Barnehagane , skule og  SFO:

  • Startar opp i gul sone.  Det blir sendt ut informasjon til føresette kva gul sone vil seie i praksis på barnehagane, skule og SFO.

Kulturskulen:

  • Kulturskulen vil undervise i tråd med smittevernrettleiaren for kulturskulen. Skulle smittesituasjonen i kommunen endre seg kan vi måtte organisere skulekvardagen annleis, i dialog med kommuneoverlege. Det vil bli gitt informasjon til føresette og elevar om praksis.

Nyttige lenkjer: