Planar om jonsokbål? Meld ifrå seinast 20. juni

Planar om jonsokbål? Meld ifrå seinast 20. juni

Hugs at alle jonsokbål skal meldast til oss. 

istockphoto.com

Jonsokbål skal meldast inn i same skjema som andre bål

Meir informasjon om bålbrenning og bålforbod finn du her.

Følgjande reglar gjeld for bålbrenning:

  1. Brenning av produksjonsavfall er ikkje tillate. Slikt avfall skal leverast til godkjent deponi. (Lilleeide miljøstasjon)
  2. Det skal søkjast til brannsjefen om å få brenne jonsokbål og ved evt. ynskje om bålbrenning ved andre høve.
     
  3. Røyken frå småbrenning kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med luftvegssjukdommar. Kommunelegen og/eller brannsjefen kan stoppe brenning dersom ein vurderer det som skadeleg.
     
  4. Ulovleg brenning som fører til utrykning kan medføre krav om kostnadsdekning frå kommunen.

Tips til trygg bålbrenning 

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheita 
  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet. 
  • Bålet må vere i god avstand frå bebyggelse og vegetasjon 
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov 
  • Ha eigna sløkkemiddel lett tilgjengelig 
  • Det er forbod mot å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel 
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt
  • Alle bål skal slukkast før det blir mørkt ute, slik at det ikkje oppfattast som brann av dei som ser bålet på avstand. 
  • Vanylven brann og redning ynskjer at du informerar 110-sentralen før du tende større bål eller brenn bråte. Dette er for at vi ikkje skal få brannmeldingar på det som er ditt bål. 

 

Uforsiktig omgong med bar eld som t.d. bålbrenning og grilling er dei største grunnane til skogbrann. skogbrannfare.met.no