Frå 1. juli til 8. august er det mogleg å røyste til stortings- og sametingsvalet ved å nytte seg av tidlegrøysting.

Tidlegrøysting er eit tilbod til dei som ikkje har høve til å røyste i den ordinære førehandsrøysteperioden (frå 11. august) eller på valdagen (8. september).
Du treng ikkje vere folkeregistrert i kommunen for å kunne røyste.
Dersom du ynskjer å tidlegrøyste, kan du møte opp på Vanylven rådhus, alle kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00. Hugs legitimasjon med bilde.
Les meir om valet her