Tore Fjeld
Det skal veljast 169 representantar til Stortinget. Av desse er 150 distriktsmandat frå dei ulike valdistrikta. Dei resterande 19 mandata er utjamningsmandat som er fordelte med eitt utjamningsmandat på kvart valdistrikt.
Frå Møre og Romsdal valdistrikt skal det veljast 8 representantar.
Distriktsvalstyret har i møte 23. mai godkjent desse vallistene ved stortingsvalet 2025 i Møre og Romsdal:
- Venstre
- Kristeleg Folkeparti
- Senterpartiet
- Framstegspartet
- Arbeidarpartiet
- Høgre
- Rødt
- SV – Sosialistisk Venstreparti
- Industri- og Næringspartiet
- Konservativt
- Generasjonspartiet
- Velferds- og Innovasjonspartiet
- Miljøpartiet De Grønne
- Fred og Rettferdighet
- Norgesdemokratene
- Partiet DNI
- Pensjonistpartiet
- Partiet Sentrum
Vallistene er lagt ut på www.mrfylke.no.
STEMMERETT OG MANNTAL
Desse har stemmerett ved stortingsvalet:
Norske statsborgarar som har fylt 18 år eller fyller 18 år innan utgangen av valåret, dersom dei er eller har vore folkeregistrerte som busette i Norge.
Norsk personale ved diplomatiske og konsulære stasjonar i utlandet har stemmerett uavhengig om dei er eller har vore folkeregistrerte som busette i Norge. Det same gjeld husstandsmedlemane.
Alle personar med stemmerett vert automatisk ført inn i valmanntalet i den kommunen dei var registrert busette 30. juni i valåret.
Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå.
Har du flytta til Vanylven etter 30. juni må du avgje stemme til den kommunen du flytta frå. Du kan førehandsstemme i Vanylven, men du kan ikkje stemme på valdagen i Vanylven. På valdagen 8. september må du stemme i den kommunen du var manntalsført 30. juni.
Manntalet vert lagt ut til ettersyn på Servicetorget, Rådhuset, Fiskå frå midten av juli/slutten av juli 2025.
Om du meiner manntalet inneheld feil, kan du sende skriftleg krav om oppretting av feilen til Valstyret i Vanylven, Rådhuset, 6143 Fiskå.
FØREHANDSSTEMMING: Tidlegstemming – stemme heime - institusjonar
Veljarar som ynskjer det kan førehandsstemme i perioden 11. august – 5. september på Servicetorget, Rådhuset måndag – fredag mellom kl 09.00 og 15.00.
Det vert også halde ope på Servicetorget, Rådhuset for førehandsstemming laurdag 30. august mellom kl. 11.00 og kl. 14.00 og onsdag 3. september til kl. 18.00.
Dessutan kan veljarar som ikkje har høve til å stemme etter 11. august få avgje stemme frå tysdag 1. juli. Dette gjeld altså berre for dei som ikkje har høve til å stemme etter 11. august.
Stemmer du på førehand er stemmegjevinga endeleg og kan ikkje omgjerast ved å møte fram på valdagen.
Du kan førehandsstemme i ein annan kommune enn der du bur/er manntalsført. Dersom du stemmer utanfor valdistriktet (Møre og Romsdal fylke) du er registrert busett i, får du utdelt stemmesetel som er påførte dei registrerte politiske partia. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti du stemmer på.
Stemma vert sendt til kommunen du er manntalsført i.
Dersom du er i utlandet og ikkje får avgitt stemme i Norge, kan du førehandsstemme på mange av dei norske utanriksstasjonane. Utanriks og på Svalbard og Jan Mayen kan ein førehandsstemme i perioden 1. juli – 29. august.
Om du på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan kome til vallokalet, kan du søkje om å få førehandsstemme der du oppheld deg. Slik søknad må vere komen til kommunen innan kl. 12.00 torsdag 4. september.
Siste veka før valet skal det vere førehandsstemming på institusjonar i Vanylven kommune.
Dei nøyaktige dagane vert å avtale med leiarane på Vanylven helse- og omsorgssenter og Syvdetun. Dette vil bli kunngjort med oppslag på institusjonane.
LEGITIMASJON OG INFORMASJON OM STEMMERETT
Veljarar som er ukjende for stemmemottakar skal legitimere seg. Alle må difor ta med legitimasjon når dei skal stemme, både ved førehandsstemminga og på valdagen 8. september. Gyldig legitimasjon kan vere pass, nasjonalt id-kort, førarkort eller bankkort med bilete.
Alle veljarar får tilsendt informasjon (tidlegare valkort) om kva kommune ein kan stemme i på valdagen og om at ein må vise legitimasjon. Ein får også informasjon om opningstid og kva vallokale ein skal nytte på valdagen. Informasjonen vert sendt ut elektronisk med følgjande unntak: Personar som står oppført som reservert i register over digital kontaktinformasjon og reservasjon eller som ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18. mnd. får informasjonen tilsendt i posten.
VALTING 8. SEPTEMBER
Det vert halde valting på desse stadane måndag 8. september 2025:
- Rovde krins: Rovdetun
- Myklebust krins: Fredtunkjellaren - Bygdastova
- Eidså krins: Eidsåtun
- Åram krins: Åram skule - Grendastova
- Fiskå krins: Kommunestyresalen, Combisenteret
- Sylte krins: Syltefjord bygdehus
- Åheim krins: Åheim skule
Tid for stemmegjeving kl. 10.00 – 18.00 i krinsane Myklebust, Fiskå og Åheim.
Tid for stemmegjeving kl. 12.00 – 18.00 i krinsane Rovde, Eidså, Sylte og Åram.
Nærare opplysingar om valet finn du på www.valg.no
SAMETINGSVALET
I kommunar med færre enn 30 personar i Sametingets valmanntal, slik som i Vanylven, er det berre høve til å førehandsstemme ved sametingsvalet.
Førehandsstemming i perioden 11. august – 5. september på Servicetorget, Rådhuset mellom kl 09.00 og 15.00 pluss laurdag 30. august mellom kl. 11.00 og kl. 14.00 og utvida opningstid onsdag 3. september til kl. 18.00.
INGEN ENDRINGAR PÅ STEMMESETELEN
Det skal ikkje gjerast endringar på stemmesetlane ved stortingsvalet og sametingsvalet.