Korleis skape attraktive og livskraftige vannvegsstasjonar langs skipsleia til Stad skipstunnel?

Korleis skape attraktive og livskraftige vannvegsstasjonar langs skipsleia til Stad skipstunnel?

Vanylven kommune har som kjent blitt valt ut som ei av årets Gnist-kommunar i samband med den komande bygginga av Stad skipstunnel. Kommunen vil som ein del av dette programmet få hjelp til å utforske korleis synergiane frå skipstunnelen kan utnyttast til å gjere kommunen meir attraktiv i framtida. Kommunen er førebudd på å tenkje utanfor boksa og sjå på utradisjonelle løysingar, både fysiske og digitale. Målet er at dette skal kunne bidra til å snu utviklinga med nedgang i talet på innbyggjarar. 

Ynskjer du å utforske og skape nye moglegheiter i Vanylven kommune? 

Konkurransegrunnlaget er no publisert og aktørar kan sende inn tilbod seinast 11. april 2022. Éin leverandør per kommune vert valt ut og får 300 000 kroner til å kartlegge behov, ressursar og moglegheiter. Dette skal nyttast til å utvikle nyskapande idéar og konsept som kan bidra til å løyse kommunen sine utfordringar.

Vi oppmodar alle potensielle leverandørar til å delta på eit digitalt informasjonsmøte den 23. mars for å vere kjend med Gnist-kommunane og dei utfordringane dei står ovanfor. 

Les meir om saka på nettstaden til DOGA

Kommunen er plukka ut som ny Gnist-kommune av DOGA, Nordic Edge og Distriktssenteret, i tett samråd med fylkeskommunane. 

Trykk her for å gå direkte til konkurransegrunnlaget for Vanylven kommune

Trykk her for å lese tidlegare publisert informasjon om Vanylven kommune og Gnist-programmet.

Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta/Plomp