Innspel til Marin Næringsplan Søre Sunnmøre 2021 Vanylven kommune ynskjer innspel frå innbyggjarane til vår marine næringsplan for 2021 og seinare arealplan i sjø. Hensikta med skjemaet er å legge grunnlag for konsekvensutgreiing etter krava i plan- og bygningslova, kapittel 4. Dersom det vert behov for utfyllande fagutreiingar i samband med tiltak som ein vurderer å ta inn i kommuneplanen, kan den som stiller forslaget bli bedt om å skaffe naudsynt dokumentasjon. Alle innspel til nye arealformål må ha kart som viser avgrensinga av foreslått arealformål i ein føremålstenleg målestokk. Kartgrunnlag kan ein til dømes hente frå https://kommunekart.com/klient/sunnmorskart eller Olex kart. Det er mogleg å lage eit skjermbilde av kartet og teikne inn avgrensinga av tiltaket på dette. Skjemaet kan leverast til postmottak@vanylven.kommune.no Publisert 05.02.2021 13:30 Sist endra 05.02.2021 13:30 Skjemaet finn du til nedlastning her (DOCX, 24 kB)