Informasjon om at Vanylvssmia på Eidså blir lagt ut for salVanylven kommune vil med dette orientere om at Vanylvssmia på Eidså blir lagt ut for sal.Vanylvssmia var ein barneskule som 2016/2017 vart bygd opp til eit næringsbygg og som er 100 % eigd av Vanylven kommune gjennom Vanylvssmia AS. Vanylven kommune har bestemt at Vanylvssmia skal leggjast ut for sal, og kommunen kan enten selje selskapet Vanylvssmia AS eller sjølve eigedomen.Vanylvssmia ligg ved sentralbaneanlegget på Eidså i Vanylven kommune. I dag er bygget nytta for veterinær, frivillingssentral, utlånssentral og vaksenopplæringa, og leigekontraktene til desse vil sjølvsagt bli å vidareføre til ny eigar.Nedanfor har vi lagt ved takst frå 2024 utført av Ose AS, og kommunen vil med bakgrunn dette be interessenter om å melde seg ved e-post: postmottak@vanylven.kommune.no Takst - Vanylvssmia OSE 2024 (PDF, 2 MB)Takst - Vanylvssmia OSE 2024 Vedlegg 1 (PDF, 5 MB)Takst - Vanylvssmia OSE 2024 Vedlegg 2 (PDF, 2 MB)