Høyring- Planprogram kommunedelplan for naturmangfald

Høyring- Planprogram kommunedelplan for naturmangfald

Vanylven kommune har i 2023 vedteke samfunnsdelen av kommuneplanen og arbeider no med arealdelen, der mellom anna ein kommunedelplan for naturmangfald vil vere viktig for å sikre eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for handsaming av ein nye arealdel til kommunen sin kommuneplan. I denne samanheng vert planprogrammet for kommunedelplanen for naturmangfald lagt ut på høyring og det er planlagt at kommunedelplanen vil vere vedteke i kommunestyret i juni 2025.

Det visast til vedtak i formannskapet i møte den 9.april:

«Vanylven formannskap, som planutval syner til kommunal planstrategi, og varslar oppstart av arbeid med kommunedelplan for naturmangfald 2025 - 2037 og legg framlegg til planprogram ut til offentleg ettersyn, jf. pbl. §§ 11-12 og 11-13. Frist for å kome med merknader og innspel til planarbeidet er sett til 6 veker etter kunngjeringsdato».

 

Sjå lenkje til saka:

Dokument 24/3837 - Planprogram - kommunedelplan for naturmangfald - Vanylven kommune (acossky.no)

 

Kommunen ber om at merknadar og innspel sendast til postmottak@vanylven.kommune.no innan 20.mai.