Digitalt folkemøte om økonomiplan og budsjett

Digitalt folkemøte om økonomiplan og budsjett

 Torsdag 26. november kl 18 inviterer kommunen til digitalt folkemøte om budsjettet for 2021 og økonomiplanen til 2024.

Budsjettet er stramt og 2021 vert eit år der kommunen må omstille seg til ei bærekraftig drift som er tilpassa den samansetninga av innbyggjarar som kommunen vil ha dei komande åra. 

SSB sine folketalsframskridingar er moglegvis lysare enn det dei har vore tidlegare, og det kan sjå ut som om folketalet vil gå mot ei stabilisering om vi evnar å gjere dei rette grepa.

Men barnetal vitnar om behov for ei endring i høve skule- og barnehagebruksplanen, og fram mot 2030 vil Vanylven vere den kommunen med størst del innbyggjarar som er over 65 år. Det vil særleg påverke korleis kommunen leverer helse- og omsorgstenester.

Kommunen ynskjer difor å presentere det arbeidet som administrasjonen har levert til politisk handsaming. Det vil bli høve til å stille spørsmål via chat.

Du vil kunne følge møtet frå denne lenkja: https://www.facebook.com/vanylvenkommune/live/

 

 

Heile økonomiplanen, med budsjett for 2021, kan du lese her.