Busetting av flyktningar i Vanylven kommune

Busetting av flyktningar i Vanylven kommune

Vanylven kommune har i dag blitt oppmoda av IMDi om å ta imot 15 flyktningar frå Ukraina. Kommunen har difor satt i gang arbeidet med å etablere ei flyktningteneste, slik at vi er sikre på at vi kan ta imot desse flyktningane på ein god måte – og vi kartlegg no internt om vi har kandidatar som raskt kan gå inn i ei stilling som flyktningkonsulent.

Vidare er det uttalt at kommunen må sikre helsekartlegging, helsehjelp og vaksinasjonstilbod til flyktningane frå Ukraina, og kommunalsjefen for helse- og omsorgssektoren har i dialog med kommuneoverlegen stadfesta at sektoren er klar til dette.
 
Myndigheitene har vist til at kommunane må leggje til grunn at 40% av flyktningane frå Ukraina vil vere barn. Det vil seie at Vanylven kommune truleg må sikre barnhage- og skuleplass for 6 barn. Kommunalsjef for kultur- og oppvekstsektoren stadfestar i dag at sektoren vil kunne handtere dette, men må sikre ressursar for morsmålsundervisning. Vidare må kommunen tilby introduksjonsprogrammet til dei vaksne flyktningane gjennom vaksenopplæringa. Her legg vi til grunn at det vil vere behov for eit slikt tilbod for 9 vaksne, og også her har kommunalsjefen stadfesta at vi kan handtere dette ved å bemanne opp denne tenesta. 
 
Kommunedirektøren legg til grunn at vi for mottak av 15 flyktningar treng inntil 9 bueiningar og kommunalsjef for teknisk avdeling har difor fått i oppdrag å starte kartleggingsarbeidet knytt til dette. Vidare så startar vi i dag også kartlegging av ledige bustadar som er mogleg å leige privat, dersom kommune skulle få behov for dette:

Skjema for registrering av bustad finn du her

Det er viktig at Vanylven kommune kan gje flyktningane frå Ukraina gode tenester innanfor helse og oppvekst. Når vi har fått til dette, så kan vi tilby å ta imot fleire flyktningar frå krigsområda i Ukraina.

La-Rel Easter/Unsplash.com