Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 29.08.2025 10:21
Legekontoret har starta med opplæring i Helseplattforma Denne veka har legekontoret starta med opplæring med Helseplattforma. To representantar frå Helse Møre og Romsdal har vore innom på besøk for at dei k...
Slik kan du førebu deg på ei eventuell krise Vi er inne i årets eigenberedskapsveke, og temaet er øving. Vi oppmodar alle innbyggarar til å øve og ta naudsynte grep for å styrke eigenberedskapen. ...
Motivasjonsdag for alle tilsette i Vanylven kommune Vanylven kommune arrangerte tysdag 31. oktober Motivasjonsdag for alle tilsette i kommunen.Bakgrunnen for dagen er at vi ønskjer å få fram det positiv...
Paul Sindre Vedeld er valt som ordførar Ordførar, varaordførar, formannskap og utval blei valde då det nye kommunestyret hadde det første møtet sitt torsdag 19.oktober.
Har du nokon gong vore bekymra for eit barn eller ein ungdom? Har du lagt merke til «knappen» på heimesida til Vanylven kommune der det står: BTS; Er du bekymra for eit barn eller ungdom? Du finn knappen både i m...
Fylkesfestivalen 2023 gjekk av stabelen 9-12.oktober i Herøy Kommune Fylkesfestivalen 2023 gjekk av stabelen 9-12.oktober i Herøy kommune. Herøy og Sande kommune var arrangørar i saman med Møre og Romsdal fylkeskommune.
Gratis energianalyse av bustaden din No får alle innbyggarar i kommunen gratis tilgang til energiportalen.no Søk opp bustaden din på energiportalen.no
Verdsdagen for psykisk helse Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag og blir markert kvart år 10. oktober for å skape merksemd om psykisk helse.
Mørkt gatelys? Då kan du melde inn her Feil på gatelys/veglys eller lys i stolpen som ikkje virkar? Det kan du melde inn her:Klikk deg inn i kartløysninga for å melde frå om mørkt gatelys
Eldreråd 2023 - 2027: Forslag på medlemar Funksjonstida for Vanylven eldreråd fylgjer valperioden til kommunestyret.Kommunestyret skal difor i haust oppnemne eldreråd for perioden 2023 -2027. ...