Informasjon om postlista i sommar

I sommarferievekene vil postlista ikkje bli oppdatert like ofte som vanleg. Dette kjem av redusert bemanning i ferieperioden. 

Vi oppdaterer postlista så snart det er mogleg, og takkar for forståinga. 

Klimarapport 2023 - Vanylven kommune

Klimarapport 2023 - Vanylven kommune

Vanylven kommune har i samarbeid med Asplan Viak fått utarbeid ein klimarapport, som viser at kommunen har eit klimaavtrykk på 4.201 CO2. 

Kommunedirektøren viser til at i forventningsbrevet til Statsforvaltaren for 2024, så er det ei forventning om at alle kommunane i Møre og Romsdal utarbeidar eit klimabudsjett. I denne samanheng har kommunen, også her i samarbeid med Asplan Vivak, fått utarbeid eit klimabudsjett med tiltak for neste økonomiplanperiode. Dette for å kunne sjå på heilt konkrete tiltak for å kunne redusere kommuneorganisasjonens klimaavtrykk.

Klimarapport og klimabudsjett (PDF, 2 MB)