Vegvedlikehald
Kommunestyret i Vanylven vedtok 4. mai 2026 ein vegvedlikehaldsplan for perioden 2026 - 2032, som gir føringar for administrasjonen for vegvedlikehald. Denne planen vil bli rullert våren 2027 og dersom det er innspel til vedlikehald, så kan dette sendast til postmottak@vanylven.kommune.no og merkast forslag til tiltak for vedlikehaldsplanen.
Plan for vegvedlikehald 2026 - 2032 (PDF, 367 kB)
Graveløyve
For graving i kommunal veg skal det søkast om løyve til kommuna. Om du skal grave på eigedommen din eller på andre sitt areal må du skaffe deg oversikt over kva ledningar som ligg i grunnen. Dette gjeld mellom anna vassleidningar, kloakkleidningar, straum og teleleidningar.
Søknadskjema finn du her
Vegetasjonsrydding
Dersom du bur langs vegen og har hekkar og busker er det du som er ansvarleg for å halde dei nede slik det er god sikt ved vegkryss og ved tilkomst. Det er mange som også må krysse gang- og sykkelveg for å kjøre ut på bilvegen. Då er det spesielt viktig at hekkar, tred, eller gjerde ikkje hindrar sikta.
Når du står fire meter inn i avkjørselen din skal du minst ha 20 meter fri sikt i kvar retning i langs gang- og sykkelvegen. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 cm mot utkøyring.