Ordførar

Ordførar

Ordføraren er den fremste folkevalde representanten i kommunen. Vanylven kommune har ordførar i heil stilling, og ho har kontor på rådhuset på Fiskå.

Ordføraren er møteleiar for formannskap/kommunestyre og avgjer kva saker som skal handsamast i desse organa. Ordføraren har elles møte-og talerett i alle kommunale styre, nemdner, råd og utval. Ordføraren er også kommunen sin juridiske person (rettslege representant) Ordførar vert vald for 4 år av gongen.

Lena Landsverk Sande (V) har vore ordførar i Vanylven sidan 2015.

Kommunestyremøta våre er det no mogleg å følgje direkte på nett, og du kan gå inn på Facebook og sjå opptak. Både kommunestyremøta og formannskapsmøter er på tysdagar, og du finn datoane til desse møta, samt andre politiske møter på kommunen si side. Her finn du også møt møteinnkallingar og protokollane som vert ført etter at vedtak er gjort.

Ynskjer du å snakke med ordføraren kan du også ringje servicetorget i kommunen på 700 30 000. Dei har oversikta over når ordføraren er ledig. Det er også mogleg å avtale eit møte om du har saker du brenn for, eller du eller andre er i ein situasjon du meiner ordføraren bør vere orientert om.

Lena Landsverk Sande - Klikk for stort bileteOrdførar Helle Frogner

Kontakt

Lena Landsverk Sande
ordførar
E-post
Telefon 70 03 00 01
Mobil 45 22 71 68
Ingebrigt Berget
varaordførar
E-post
Mobil 91 90 75 82