Kva består din jobb i? Eg driftar BUA som har gratis utlån av utstyr til ulike sports- og friluftsaktivitetar.
Styrer med den kulturelle spaserstokken for dei eldre. Har med å arrangere og planlegge UKM og ungdomsrådet.
Eg har og med kulturprisen og kulturmidlar. Er også så heldig å få være med på å arrangere Monsiaden.
Ansatt i Vanylven sidan: 2010
Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt? Kjekkaste eg veit er å få være med på å arrangere ulike arrangement. Det kjekkaste eg vil trekke fram er Monsiaden som blir arrangert første onsdag i juni kvart år. Å sjå meistringsfølelsen til dei som deltek når dei kjem i mål, det er noko ta det mest fantastiske å sjå og oppleve.
Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune? Det er at eg får møte mange flotte vanylvingar i alle aldre og masse kjekke kollegaer. Vanylven er ein kjempefin plass å bu, kort veg til fjellet og havet. Masse kjekt å være med på. Den friheita vi har i Vanylven er heilt fantastisk.
Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort? Det er viktig at vi har gode og trygge møteplassar for alle i Vanylven. Og at kultur budsjettet blir godt i varetatt.