Fredagspraten med Eirik Bakken Kobbevik

Fredagspraten med Eirik Bakken Kobbevik

Namn: Eirik Bakken Kobbevik
Alder: 27
Kvar jobbar du? Eg jobbar i stab, som stabsleiar og økonomikonsulent.

Kva består din jobb i?
Økonomi- og personalansvar for stab, saksbehandling, fakturering, kontroll av leverandørfaktura, rapportering, bokføring og avstemming av rekneskap og balanse.

Ansatt i Vanylven sidan: 23.05.2018.

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?
Eg må nesten seie at den mest spesielle arbeidsdagen eg har hatt må vere dei fyrste dagane eg byrja i stillinga som økonomikonsulent i Vanylven Kommune. Eg vil nesten seie at fyrste veka føltest veldig spesiell.
Eg leverte masteroppgåva mi 22.05.18. og byrja i jobb 23.05.18. Må seie det var ein heilt fantastisk følelse å få gå rett inn i slik stilling etter mange års skulegong, og få den varme velkomsten eg fekk. Eg meiner suksessfaktoren for denne arbeidsdagen(-veka) var tett og god oppfølging, og for kvar dag som gjekk så kom eg heim igjen med kjensla av at eg hadde lært noko nytt. Ei heilt fantastisk veke med mange nye bekjentskap og mykje læring som eg kjem til å ta med meg for resten av livet.

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?
Det beste med å jobbe i Vanylven kommune må vere den breie kompetansen eg får med å jobbe med så mange forskjellige arbeidsoppgåver. Etter 5 år på skulebenken såg eg for meg at eg skulle begynne i ein jobb i ein stor organisasjon, kvar eg berre var ei lita og ubetydelig brikke i den store samanheng. I Vanylven kommune har eg fått utvida horisonten min, hatt leiarar som bryr seg om kompetanseutviklinga mi og dermed fått eit betraktelig betre utgangspunkt enn eg ville ha fått i ein større
organisasjon.
For ikkje å snakke om folka eg får jobbe med - ein hyggelig gjeng, som eg lærer mykje av og blir utfordra av på fleire områder.

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune?
Eg bur i Ulsteinvik, og pendlar difor stort sett kvar dag. Dette er vel kanskje det eg ser på som det verste, men eg må innrømme at eg til tider likar å nyte ein time i fred og ro før arbeidsdagen startar. J

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort?
Rovdefjordbrua må på plass (slik at pendlinga kan bli litt kortare)