VaksenopplæringaNorsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar Norskferdigheiter er viktig for deltaking i arbeids- og samfunnslivet. Treng du eller nokon du kjenner å lære norsk? Vanylven vaksenopplæring tilbyr kurs i norsk og samfunnskunnskap frå alfabetisering til B2. Nokre innvandrarar har rett og plikt til å delta på opplæring i norsk og samfunnskunnskap, medan andre må betale for opplæringa. Les meir om ulike innvandrarar sine rettar og plikter til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova og integreringslova på IMDI sine nettsider om norsk og samfunnskunnskap. https://www.imdi.no/kvalifisering/regelverk/norsk-og-samfunnskunnskap/ Kurstilbod: Vi har undervisning kvar dag 08:15 til 13:45. Frå nybegynnar- til mellomnivå (A1-A2) har vi kurs måndag til fredag. For dei som er på mellomnivå og opp til vidarekomennivå (A2-B2) er det kurs tysdag til torsdag. Kveldskurs ein kveld i veka frå 18:00-20:30.Norskprøve: Vi arrangerer også norsk, samfunnskunnskap og statsborgarsskapsprøve. Les meir om prøvene her: https://prove.hkdir.no/ For påmelding til både kurs, prøve, pris og andre spørsmål. Kontakt: Lars Jonasmo Rektor Vanylven vaksenopplæring Epost: lars.jonasmo@vanylven.kommune.no Tlf: 975 01 695