Informasjon om SFO og pris

Informasjon om SFO og pris

Kva er SFO?

Skulefritidsordningane (SFO) er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod for elevane i 1.-4. klasse, og for born med nedsett funksjonsevne til og med 7. klasse.

Tilbodet skal vere tufta på same verdiar som barnehagane og skulane i Vanylven. Borna sine behov for leik, kulturaktivitetar, omsorg og sosial læring må vere kjernen i innhaldet for tilbodet.

Kommunen har i dag SFO-tilbod ved alle skulane. Ynskjer du meir informasjon om skulefritidsordninga, kan du sjå i

vedtektene for SFO.(PDF, 184 kB)

Søknadfristen er 15.april.

Kva er opningstidene?

Den daglege opningstida må tilpassast timeplanen ved kvar enkelt skule.

Heil plass er inntil 5 dagar pr. veke frå ein halv til éin time før skulestart, og minst til klokka 16 etter skuleslutt.

Redusert plass kan vere 4 dagar pr veke eller inntil 3 dagar pr veke innanfor same tidsavgrensingar som ovanfor.

Kva kostar det?

Frå august 2024:

Kva kostar
For 1.-3. klasseBorn nr. 1Born nr. 2
Over 18 t/v med gratis kjernetid1320,-990,-
12-18 t/v med gratis kjernetid660,-495,-
Inntil 12 t/v med gratis kjernetid0,-0,-
2024
For 4. klasseBorn nr. 1Born nr. 2 og 3
Over 18 t/v2250,-1688,-
Mellom 12 og 18 t/v1980,-1485,-
Mellom 6 og 12 t/v1320,-990,-
Inntil 6 t/v880,-660,-


Det er innført 25 % syskjenmoderasjon for 2. og 3. barn. Det er gratis SFO for elevar med særskilte behov frå 5. til og med 7. klasse. For elevar i 1, 2 og 3. klasse er det 12 timar gratis kjernetid.

Ordninga med 12 timars gratis SFO utvidast til også å gjelde elevar på 3. trinn

Kunnskapsdepartementet har nå vedteke endringar i forskrift til opplæringslova § 1B-4 om gratis skulefritidsordning for elever på 1. og 2. årstrinn, slik at ordninga også omfattar 3. trinn frå skuleåret 2024–2025. Endringa trer i kraft 1. august 2024. Den nye forskriftsteksten er publisert på Lovdata.

Spørsmål angåande faktura? 

Kontakt May-Britt Svastuen : 940 34 041

Borna skal takast inn på skulefritidsordninga ved den skulen dei går på, dersom der er skulefritidsordning.

Kontakt

Lena Marie Landsverk
rektor Åheim skule
Lars Myklebust
Rektor ved Myklebust skule
Telefon 99 31 17 48
Sylvia Baade
rektor Fiskå skule
Janne Kristin Torvanger
skulefagleg ansvarleg / rektor VAOA
May-Britt B. Svastuen
konsulent Oppvekst/Fiskå skule
Telefon 94 03 40 41