Søkje om plassHar du lyst til å lære deg å spele eit instrument, eller har du ein kunstnar i magen? Vil du spele teater, eller kanskje danse? Du kan melde deg på eit av tilboda i kulturskulen her. Har du allereie eit tilbod, og vil halde fram? Klikk her.Vil du sjå nærar på dei ulike tilboda gjer du det her.Søknadsfrist er 17.Mai 2025 for neste skuleår (2025/2026). Innsøket skjer litt seinare i år då det enno ikkje er avgjort politisk i kommunen om undervising i kulturskulen skal vere gratis det komande året.Ein plass i kulturskulen er bindande og må seiast opp skriftleg. Frist for å seie opp plass for vårsemesteret er 1. desember.NB! Oppseiing av plass må gjerast i samband med søknadsfrist for nytt skuleår.Informasjon om prisar og vilkår finn du her.For aktive elevarDei som alt har plass i kulturskulen må registrere seg i kulturskulen sitt datasystem (Speedadmin).Der må søkjarane legge inn informasjon om seg sjølv og føresette. Deretter kan du stadfeste om du vil halde fram i det komande skuleåret eller om du vil avslutte til sommaren.Følg denne lenkja. Publisert 20.03.2020 13:38 Sist endra 06.05.2025 15:28