Samarbeid med kulturlivet

Samarbeid med kulturlivet

Vanylven kulturskule ønskjer eit tett og fruktbart samarbeid med det lokale kulturlivet i regionen.
Vi rekrutterer musikarar til Sunnmøre ungdomssymfoniorkester, stiller med solistar på kyrkjekonsertar og andre oppdrag, samt leverer dirigenttenester til korps og kor i kommunen.

Sunnmøre Kammermusikkfestival

Satsing på dei unge er ei uttalt målsetting for Sunnmøre Kammermusikkfestival.

Elevar frå kulturskulane på Søre Sunnmøre har i mange å deltatt på kammermusikkfestivalen sine meisterklasser og elevar har teke del i konsertane som ein del av konkuransen om Sparebanken sitt talentstipend.

Dei siste åra har det i tillegg vorte arrangert ein konsert og musikkmøte i forkant av kammer­musikk­festivalen der fleire grupper frå kulturskulane vart invitert til å vere med, komposisjonskurs for dei som vil prøve å skrive musikk og bogekurs for strykarar, for å nemne noko.

Alle elevar i kulturskulane får elles gratis inngang til konsertane på festivalen.

Du kan lese meir om festivalen sitt tilbod til born og unge her.