Om kulturskulen

Om kulturskulen

Vanylven kulturskule er ein skule der born og unge i og utanfor skuletida kan få utvikle sine eigenskapar, sansar og skapande evner. Kulturskulen skal vere med på å styrke born og unge sin sjølvtillit og gje glede i kvardagen.

I kulturskulen jobbar vi for at elevane skal kjenne meistring og trivsel. Alle lærarane våre står på for å gje born og ungdom i Vanylven gode kulturopplevingar - kvar veke, kvar dag og kvar time vi møtast. Det å gå i kulturskulen skal vere ei blanding av leik, moro og alvor. Vi har det kjekt i lag, utfordrar kvarandre og stiller krav. Undervisninga er i tråd med rammeplan for kulturskulen og opplæringslova, og foregår desentralisert, ved dei tre skulane i kommunen.

Historie

Vanylven kommunale musikkskule vart oppretta hausten 1981. Det første tilbodet var musikalsk førskule. Hausten 1982 vart det så starta opp med instrumentalundervisning.
I skuleåret 1999/2000 skifta musikkskulen namn til Vanylven musikk-og kulturskule. Samstundes vart drama/teater teke inn som tilbod i tillegg til instrumentopplæring og musikkførskule. Frå 2005 vart namnet endra til Vanylven kulturskule.
 

Kulturskulen sitt føremål

  • Å utvikle musikalske og skapande evne hjå elevane, og fremje deira oppleving av og forståing for musikken og andre kunstfag som allmennmenneskeleg og kunstnarleg utrykksform.
  • Å utvikle elevane sin dugleik innanfor kunstfaga utifrå den enkelte sine føresetnadar, slik at dei først og fremst får ei meiningsfull og stimulerande fritidsaktivitet, og dermed eit godt grunnlag for yrkesval innanfor kunstfaga. 
  • Å skape aktive lyttarar/tilskodarar som er i stand til å velje innanfor det mangfald av kulturtilbod som finst i samfunnet. 
  • Å vere ein ressurs for skuleverket og musikklivet elles i kommunen i arbeidet med å oppnå ein best mogleg opplæring og fremje interesse for musikk og andre kulturfag i nærmiljøet.

Kven passar kulturskuleundervisning for? 

Undervisninga passar til born og unge som har interesse for musikk, kunst og drama og vil utvikle seg innan desse felta. Ein treng ikkje å ha forkunnskapar for å få undervisning i kulturskulen. Borna er her for å lære og utvikle seg. Det vil bli lagt til rette for å undervise individuelt. Mange har time i eller rett etter skuletid og i SFO-tida.


Trykk her for å lese meir om fagtilbodet i kulturskulen.

Kontakt

Lena Landsverk Sande
rektor Vanylven kulturskule
E-post
Mobil 45 22 71 68