Musikkbingen i Syvde

Musikkbingen i Syvde

Frå opninga av Musikkbingen i 2009 

Hausten 2009 fekk Vanylven kommune musikkbinge, som born og unge kan benytte til øvingsaktivitet. Bingen er plassert ved Myklebust skule, men vil sjølvsagt vere til benyttelse for alle i kommunen. Bingen er lydisolert, oppvarma og ca 30m2 stor . Den er  utstyrt med bandutstyr slik som forsterkarar, songanlegg, trommer osb.

Utlån vert administrert gjennom kulturskulen, og vask ein gong i veka går også over kulturskulen sitt lønsbudsjett.

Bingen er finansiert gjennom statleg tilskot og ein  eigenandel frå komunen.

Den er først og fremst  tenkt å tene det sjølvstendige musikklivet i kommunen, men kulturskulen brukar den ein del,  og grunnskulen  ved  behov. Bingen er  i bruk dei fleste dagane i veka, men der er rom for enno meir aktivitet.

Ta kontakt med rektor for spørsmål om leige.

Kontakt

Hanne Benedicte Drabløs
rektor Kulturskulen
E-post
Telefon 70 03 04 05
Mobil 97 03 53 96