Gjennomføring av prøva
Etableringsprøva kan takast etter avtale med servicetorget på rådhuset, Fiskå 6143. Ha med gyldig legitimasjon - pass, førarkort eller bankkort med bilde.
Prøva er ei fleirvalgsprøve på 90 minutt. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål.
Språk
Prøva blir på norsk. Det blir ikkje anledning til å ha med tolk.
Hjelpemiddel
Det er tillatt å bruke lovsamling.
Korleis kan eg ta prøva?
Elektronisk søknadskjema finn du her
Pris
Det kostar 400 kr, som må betalast kontant eller vipps ved oppmøte
Pensum
Vinn.no tilbyr læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv- prøver". Det anbefalast på førehånd at deltakarane sett seg inn i pensumet.
Prøvebevis
Alle som består etableringsprøva får eit prøvebevis, som er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har den nødvendige kunnskapen om serveringslova.