Veterankontakt

Kven er veteranar?

Veteranar er norske statsborgarar som har deltatt eller deltar i fredsbevarande, fredsopprettande eller statsbyggande innsats i andre land frå utanriks-, justis- og/eller forsvarssektoren.

Veterankontakt i kommunen

Veterankontakten skal bidra til å lette tilgangen til offentlege tenester for veteranane og deira familiar og vere ein inngangsportal til kommunen sine tilbod. Samtidig skal kontakta vere ein ressurs for kommunen sine tilsette og kunne lette samarbeidet mellom ulike kommunar, og med frivillige organisasjonar.

Veterankontakt for Vanylven kommune, Ordførar Lena Landsverk Sande

Kontortelefon: 700 30 001/ lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no 

Forsvaret si veteranteneste (FVT)

Forsvarets opne dør for veteranar og veteranfamiliar er der for deg. Både veteranar og veteranfamiliar er velkomne til å sende e-post til veteraner@mil.no eller ringe 800 85 000 – uavhengig av når og kvar tenesta var.

Her møter du eit tverrfagleg team med både militært og sivilt tilsette. Teamet har lang erfaring med å gi råd og rettleiing til veteranar og deira familiar. Dei fleste er også sjølv veteranar frå internasjonale operasjonar

Vanylven sin veteranplan finn du her