TT-kortFunksjonshemma og eldre med funksjonstap kan nytte ein såkalla "drosjelapp" når ein skal ut å reise med taxi i samband med fritidsreiser. Drosjelappar skal ikkje nyttast til reiser som kjem under trygdeordningar som t.d. reiser til lege, fysioterapeut m.m.Kven kan få TT-kort?TT-kort/"Drosjelappar" kan bli gitt til den som pga si funksjonshemning har vanskar med å nytte det ordinære kollektivtilbudet i kommunen.TT- ordninga er ikkje ein lovfesta rettigheit, men er eit tilbod som Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr sine innbyggjarar. Krav for søkjar: Funksjonhemminga må ha ei varigheit på minst eitt år.Tilbodet dekker fritidsreiser, samt nødvendige reiser i forbindelse med innkjøp og andre ærend. Korleis søkjer du?Det er ikkje nok at du er gammal eller at det er dårlig eller manglande kollektivtilbod.Søknadsskjema finn du her, eller ved å vende seg til servicekontoret på rådhuset. Legeerklæring frå primærlege eller spesialist må leggast ved søknaden.Nyttige lenkjer https://mrfylke.no/om-oss/dokumentbase#acc-7448 Publisert 05.08.2020 13:36 Sist endra 03.11.2023 14:05