Informasjon om postlista i sommar

I sommarferievekene vil postlista ikkje bli oppdatert like ofte som vanleg. Dette kjem av redusert bemanning i ferieperioden. 

Vi oppdaterer postlista så snart det er mogleg, og takkar for forståinga. 

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm

Formålet med kommunen sin tryggleiksalarm-teneste er å gje auka tryggleik for brukaren. Når alarmen vert utløyst, vil kyndig personell straks ta kontakt og formidle kontakt slik at du får den hjelp du treng.

Kva er tryggleiksalarm?

Trykker du på alarm-knappen, kan du få tovegs-kommunikasjon med vaktsentralen. Alarmen er knytt opp mot ein vaktsentral.

Ofte er det i ein naudsituasjon du trykker på alarmen, t.d du ligg på gulvet og ikkje kan nytte vanleg telefon.
Vaktsentralen vil da kontakte dei personane du har på lista, t.d. familie, naboar.
 

Kven kan få tryggleiksalarm?

Brukarar som føler seg utrygge og som har ein helsetilstand som medfører pleie- og omsorgsbehov, kan få tildelt tryggleiksalarm. Tildelinga er behovsprøvd og det er ein eigendel dersom du får tildelt tryggleiksalarm.

 

Kva kostar tryggleiksalarm?

Pris gjeld frå 01.01.2024

Det kostar kr 400 pr mnd for å ha ein tryggleiksalarm.

Korleis søkje? 

Søknadskjema finn du her 

Kontakt

Julie Strand
avdelingsleiar heimebasert omsorg
Telefon 90 40 48 86
Karoline Lundås
Kommunalsjef