Kven kan få hjelp til husarbeid?
Personar som har behov for praktisk hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, høg alder eller andre årsaker.
Kva kostar det?
Pris gjeld frå 01.06.2025.
Betaling for heimehjelp tek utgangspunkt i den samla inntekta til husstanden. Kommunestyret revurderer prisane ved kvart årsskifte.
Korleis søkjer du?
Du søkjer om heimehjelp ved å bruke dette skjemaet:
Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
Etter at du har søkt, vil konsulent ta kontakt med deg for eit heimebesøk.
Når kan du vente svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.