Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

BPA  (brukarstyrt personleg assistent) er ei ordning for deg som har stort behov for praktisk bistand. Ordninga medverkar til større ansvar for eige liv. 

Kva er BPA?

BPA er ein alternativ måte å organisere desse tenestene på:

  • praktisk og personleg hjelp i dagleglivet
  • støttekontakt
  • avlasting for barn under 18 år

Ei god rettesnor er at det folk vanlegvis greier sjølv, kan også ein assistent gjere, så lenge det skjer på ein forsvarleg måte.

Kven kan få BPA?

Ordninga er meint for deg som har langvarig og stort behov for hjelp i kvardagen. Ordninga er meint for deg under 67 år, som har behov for hjelp meir enn 25 timar per veke.

Kva kostar det?

G

Timar

Pris pr. mnd

Inntil 2 G   215
Frå 2 til 3 G Inntil 4 timar 1 400
Frå 3 til 4 G Inntil 5 timar 1 750
Frå 4 til 5 G Inntil 6 timar 2 100
Over 5 G Inntil 7 timar 2 375


Ein skal betale kr. 400.- pr. time før ein går over til abonnementsordning (sjå tabellen over inntekt og betalingssatsar). Utgiftstaket på kr. 215.- pr. mnd. for brukarar med inntekt inntil 2 g gjeld også her.

Abonnementet gjeld frå den dato du er innskriven og fram til utskrivingsdato. Det du skal betale skal ikkje overstige kommunen sine utgifter til tenesta.

Betaling for heimehjelp tek utgangspunkt i den samla inntekta til husstanden. Kommunestyret revurderer prisane ved kvart årsskifte

Nokre av tenestene som er inkludert i BPA-ordninga må du framleis betale for. Det gjeld timane som blir nytta til reinhald og klevask.

Korleis søkjer du?

Søknadskjema

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du vil få brev dersom det tek lenger tid enn fire veker.

Oversikt over leverandørar av BPA

Sjå oversikt her (PDF, 101 kB)

Nyttige lenkjer 

Kontakt

Karoline Lundås
avd. leiar heimebasert omsorg
E-post
Telefon 70 03 02 11
Mobil 90 87 09 42