Parkeringskort

Parkeringskort

Har du ei funksjonshemming som gjer at du ikkje kan gå så langt? Då kan kanskje eit parkeringskort vere godt å ha. 

Kva er eit parkeringskort?

Parkeringskortet gir deg løyve til å parkere på merka parkeringsplassar nær hovedinngangen og eventuelt heis. Kortet er personleg og kan nyttast både som sjåfør og passasjer. For å få vite meir om ordninga kan du lese: https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2016-03-18-264 - Forskrift om parkeringstillatelse for forflyttingshemma. 

Kven kan få parkeringskort?

Er du rørslehemma og berre kan bevege deg over ei avgrensa strekning, kan du søkje. 

Korleis søker du?

Du søker på eit eige elektronisk søknadskjema her

Kva kostar det ?

Tenesta er gratis.

Kva skal ligge ved søknaden?

Du må legge ved erklæring frå lege som fortel kvifor du har behov for parkeringskort. 
Dersom søknaden vert innvilga, treng vi eit bilete av nyare dato. Har du ikkje bilete å legge ved søknaden, kan du møte opp i servicetorget ved Vanylven rådhus, og vi tek eit bilete av deg. 

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden din så raskt som råd når utfylt søknad med foto og erklæring frå lege er innkome. 

Kontakt

Sonja Lade
fagkoordinator servicetorg
E-post
Telefon 30000