Kven kan få heimesjukepleie?
Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som bur heime, men som av ulike fysiske og psykiske årsaker har behov for medisinskfagleg hjelp i heimen. Heimesjukepleie er ei heildøgnsteneste.
Spørsmål skal rettast til sone/avdelingsleiar i den sona som du bur.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Korleis søkjer du?
Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet under:
Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
I søknaden skriv du litt om behovet ditt, og legg ved den dokumentasjonen som blir etterspurt
Når kan du vente svar?
Vi handsamar søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.
Heimesjukepleia avd. Fiskå: 904 04 886
Heimesjukepleia avd Syvdetun: 481 07 459