Sjukeheim

Sjukeheim

Vanylven helse- og omsorgssenter har tre avdelingar med totalt 43 institusjonsplassar:

  1. avdeling 1 - heimebasert omsorg og avlastningsplassar
  2. avdeling 2 - langtidsplassar, skjerma eining, korttidsplassar, rom for palliativ pleie og kreftpasientar samt rom for akuttbehandling.
  3. avdeling 3 - langtidsavdeling og avdeling for demente 

Kven kan få tilbod om opphald i omsorgssenter?

Dersom du av ulike helsemessige årsaker ikkje kan bu heime lenger, kan du søkje om korttidsopphald eller langtidsopphald ved omsorgssenteret. For at du skal få tilbod om opphald, bør tenester i heimen og tilrettelagt bustad vere prøvd ut.

Dette kan vi hjelpe deg med

På omsorgssenteret får du hjelp med personleg hygiene, kosthald og aktivitet, i tillegg til medisinskfagleg kompetanse døgnet rundt.

Langtidsopphald

Du kan lese meir om vilkåra for tildeling av langtidsopphalda her: Lenkje til forskrift om tildeling av langttidsopphald (PDF, 2 MB)

Kva kostar det?

Prisane for langtidsopphald er gjort greie for i Forskrift om endring i forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester

Korleis søkjer du?

Du søkjer på langtidsopphald med dette skjemaet.

Korttidsopphald

Dersom du treng opptrening etter sjukdom eller skade, eller nærare utgreiing av sjukdoms- eller skadeomfang, kan du søkje om korttidsopphald på sjukeheim.

Kva kostar det?

Pris gjeld frå 01.01.2026

Eigenbetaling for kortidsopphald er sett til kr. 205,- pr. døgn. 

Korleis søkjer eg?

Du søkjer på korttidsopphald med dette skjemaet 

Når kan du vente svar?

Søknaden din vil bli vurdert fortløpande.

Kontakt oss 

  • Heimesjukepleie Fiskå:          70030210 / 90404886
  • Heimesjukepleie Syvde:        70030280 / 48107459
  • Avdeling 2:                            70030220 / 90275644
  • Avdeling 3:                            70030230 / 96010587
                  Avdelingane kan nåast 24/7

 

Avdelingslederne nåast mellom 08.00 og 16.00 måndag til fredag:

  • Avdelingsleder heimesjukepleie: 70030211 / 94039528
  • Avdelingsleder avdeling 2 : 70030221 / 47638029
  • Avdelingsleder avdeling 3 : 70030230 / 96010587  

 

 

Vanylven helse- og omsorgssenter:

Reitebakkvegen 23, 6143 Fiskå.

Kontakt

Julie Strand
avdelingsleiar heimebasert omsorg
Telefon 90 40 48 86
Benedikte Hellebust
Konsulent
Telefon 48 20 57 69
Katrin Brekke Sunde
avd. leiar VHO, avd.2 og avd.3
Telefon 70 03 02 21