Psykiske helseproblem og rusmiddelproblem skjer i alle aldersgrupper og i alle deler av befolkninga. Ein del klarer å handtere situasjonen ved eigen innsats og med støtte frå familie og nettverk. Andre har behov for hjelp fra helsetenesten.
Kven kan få tilbod om denne tenesta?
Våre tilsette gir hjelp og støtte til personar med vanskar knytt til psykisk helse og rus, og deira pårørande.
Utdeling av brukarutstyr
Kommunane er pålagt etter Lov om smittevern å dele ut aktuelt brukarutstyr i forbindelse med rus til dei som måtte ha behov for dette. Dei som treng det ber vi tek kontakt med Servicetorget eller kontaktperson Agnethe Fagerhol Sandvik. Ein kan då få utlevert det ein måtte ha behov for. Utstyret er gratis og skal ikkje dokumenterast nokon stad. Ein kan hente ut utstyr etter avtale.
Om tenesta
Tenesta høyrer inn under heimetenestene i kommunen. Eit tverrfagleg team gir individuell oppfølging i heimen eller i samtalar på eit kontor. Gruppeaktivitetar og dagtilbod er ein del av tenesta. Med fokus på førebygging gir teamet også oppfølging av unge personar.
Dei som tek imot hjelp får tildelt ei primærkontakt, og det vert skrive vedtak på timetal og innhald i hjelpetiltaket.
Målsetjinga er:
- å gi hjelp og støtte
- å førebygge og redusere problemutvikling
- å fremje meistring av eige liv
- å betre levekåra
Kva hjelp vi kan tilby:
- støttesamtalar
- oppfølging i bustad
- frivillig økonomisk forvaltning
- administrering av medisinar
- følgje til eller formidle kontakt med andre instansar i hjelpeapparatet
- fremje sak om tvangsvedtak for Fylkesnemnda - rus
- tilvising og oppfølging i samband med rusbehandling i 2. linjetenesta
- oppsøkande verksemd ved bekymringsmeldingar
- ulike gruppetilbod
- oppfølging av pårørande, informasjon, råd og rettleiing
- Ta Tak - interkommunalt pårørandekurs i samarbeid med KoRus og 2. linjetenesta
- heimesjukepleie - tilsyn, medisinutlevering eller anna hjelp både kveld, natt og helg
Sjå Vanylven sin Rusmiddelpolitiske handlingsplan
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Korleis søkje om dette tenestetilbodet?
Bruk dette søknadskjemaet
Eit anna alternativ er at fastlegen din sender oss ei tilvising.
Når kan du vente svar?
Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag. Du vil få skriftleg melding om vedtak.