Psykisk helsearbeid

Psykisk helsearbeid

Målsettinga med psykisk helsearbeid i Vanylven kommune er å gje støtte til personar som har psykiske vanskar, og som treng oppfølging i kvardagen. Ein kan forvente at ein blir møtt på ein respektfull og høfleg møte, og at ein kan få hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.

Psykisk helsearbeid i Helse- og omsorgstenesta er eit lavterskeltilbod og skal vere lett tilgjengeleg, fordi det fins i brukaren sitt nærmiljø. Tilbodet skal opplevast som ”ufarleg” av brukaren, og det bør vere eit tilbod som er tilpassa brukaren sitt behov.

Alle som søkjer vi bli kontakta for vidare kartlegging. Kommunal oppfølgingsteneste, som yter tenestene innan psykiske helse og avhengighet er underlagt avdeling Førebygging og rehabilitering.

Brukarar av psykisk helseteneste får ein kontaktperson. Personar med langvarige og koordinerte tenester har rett til Individuell plan (IP). Psykisk helseteneste tek imot søknader frå fastlege, sjukehus, DPS eller direkte frå brukar. Vi bed alltid om samtykke til å samarbeide med aktuelle instansar.

Tenesta er gratis. 

Kontaktperson:

Agnethe Fagerhol Sandvik

Tlf: 70030137

Mob: 90365272

E-post: agnethe.fagerhol.sandvik@vanylven.kommune.no