Krisesentertilbodet i kommunenKrisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhold til. Informasjon på andre språk finn du her: Languages - Dinutvei.no Krisesenteret for vår kommune er Krisesenter for Sunnmøre. Du treng ikkje å vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr: Ein trygg, mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller vil Beskyttelse, sikkerheit, råd og veiledning Absolutt alle kan kontakte krisesenteret, når som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med barna dine på krisesenteret. Krisesenteret har døgnopen vakttelefon Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret Du treng ingen henvisning eller timeavtale for å kontakte senteret Kontaktinformasjon til kommunens krisesenter: Krisesenter for Sunnmøre Postadresse: Postboks 1521, 6025 Ålesund Døgnåpent telefonnummer: 70 16 33 33 (Avdeling for kvinner og barn) eller 90 70 74 33 (Avdeling for menn og barn) E-postadresse: krisesenter-kvinner@alesund.kommune.no (Avdeling for kvinner og barn) eller krisesenter-menn@alesund.kommune.no (Avdeling for menn og barn) Nettside: https://www.krisesenter-sunnmore.no/ Meir informasjon om nasjonale hjelpetilbod finn du her: Infofilm fra Krisesentersekretariatet VO-linjen Din utvei Sist endra 11.01.2022 16:29