Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern er lokalt folkehelsearbeid alle kommunar i landet er lovpålagt å ha, og omfattar dei faktorar i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa vår.

Kva er miljøretta helsevern?

Miljøretta helsevern jobbar for å fremme folkehelse og å førebyggje sjukdom og helseskadar, særleg med tanke på forhold i omgjevnadane og miljøet som har mykje å seie for befolkninga si helse. Desse omfattar m.a. biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar. Det kan dreie seg om støy, inneklima/luftkvalitet, stråling, skadedyr, vasskvalitet både på drikkevatn og i badebasseng, førebygging av ulukker og skade, handtering av avfall, lukt, hygieniske tilhøve, risiko for smitte, sosiale tilhøve, m.m. Ei rekkje forskrifter gjev nærare retningsliner m.a. for drikkevatn og hygieniske tilhøve i bygningar og bustadar, lokale innretningar, verksemder m.m.
 

Kven er miljøretta helsevern for?

Private og offentlege verksemder og eigedomar der tilhøva direkte eller indirekte har innverknad på helsa må rette seg etter regelverket for miljøretta helsevern. Kommunen skal sjå til at innbyggjarane ikkje vert utsett for helseskadelege miljøfaktorar. Kommunen skal òg fremme god folkehelse ved å ivareta omsynet til helse og trivsel i si planlegging og i godkjenning av verksemder og tiltak.

Den ansvarlege for verksemda eller eigedomen skal:

  • Syte for innføring og utøving av internkontroll for overhald av fastsette krav
  • Av eige tiltak gje kommunen opplysningar om tilhøve som openbart kan ha negativ innverknad på helsa
  • For meldepliktige verksemder syte for melding til kommunen før oppstart og ved  vesentlege utvidingar og endringar. Det gjeld asylmottak, hospits, campingplassar og liknande, ulike forsamlings- eller undervisningslokale, verksemder med utslepp av avløpsvatn, verksemder med kjøletårn eller liknande innretningar.
  • For godkjenningspliktige verksemder, som t.d. skular og barnehagar, holtaking- og tatoveringsverksemder, syte for godkjenning frå kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar. Dette gjeld òg godkjenningspliktige tiltak eller aktivitet.
     

Regelverk

Korleis får du kontakt? 

Saker innan miljøretta helsevern rettar du til sakshandsamar Eli-Katrin Kirkeeide,

tlf.: 993 882 57 (torsdagar) eller 700 30 000 (sentralbord i Vanylven kommune)

Kontakt

Eli-Katrin Kirkeeide
sakshandsamar miljøretta helsevern
E-post