Tilrettelagt arbeid

Tilrettelagt arbeid

Stenbakken Industri tek i mot personar som for kortare eller lengre tid treng ein skjerma arbeidsplass.

Kva er tilrettelagt arbeid?

Avdeling Stenbakken er eit kommunalt tilbod til personar som av ulike årsaker har behov for tilrettelagt arbeid. Arbeidstida og arbeidsoppgåvene blir tilpassa den enkelte sine moglegheiter.
Stenbakken Industri har ca 15 personar dagleg i arbeid, og samarbeider med Vanylven Aktivitetssenter.

Arbeidsområder:
- vedproduksjon, hente ved i skogen, kappe og kløyve, levere ut (heim) til kundane
- produksjon av mange typer utemøblar
- produksjon av trevarer; hyller, oppslagstavler, fuglekasser og foringsbrett, julenissar m.m.
- kjøre boss/tøme garasje,kjellar etc. for boss som skal til grovavfallsplassen
- kjøre ut og hente inn hjelpemidlar frå Hjelpemiddelsentralen.

Stenbakken er leia av avdelingsleiar, og har arbeidsleiarar til å leia produksjon, hjelpemiddelkoordinator og driftsteknikar som har ansvar for praktisk handtering av hjelpemiddelformidling. 

Kven kan søkje tilrettelagt arbeid?

Dette kan gjelde personar som:

  • er funksjonshemma, fysisk og/eller psykisk
  • NAV ønskjer arbeidstrening til, medan utredning pågår
  • videregåande skule ønsker arbeidspraksis til
  • mottek trygd eller pensjon og som ønsker å ha noko arbeid

Avdelinga har også ansvar for praktisk koordinering av hjelpemiddel, både kommunale hjelpemiddel til utlån og hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen. Dette innebærer mottak, montering, frakt, og retur av hjelpemiddel i kommuna. I somme tilfeller også demonstrasjon/opplæring.

Kartlegging og bestilling av hjelpemiddel er hjelpemiddelansvarlege/rekvirentar på dei ulike avdelingane i kommuna som har ansvar for.

Korleis søkjer du tilrettelagt arbeid?

Tildeling av arbeidsplass skjer i dialog med Stenbakken og aktuelle samarbeidspartnarar.

 

Kontakt

Telefon og besøkstid Stenbakken: 700 30 175 / 977 12 435
mandag til fredag, 08:00-15:00

Kontakt

Jens Erling Lillebø
avd. leiar TAKT
E-post
Mobil 46 80 00 73