Ny arealplan for Vanylven – vi treng dine innspel

Ny arealplan for Vanylven – vi treng dine innspel

Vanylven kommune jobbar med revisjon av kommuneplanens arealdel. For å sikre ein god og open prosess ynskjer kommunedirektør og ordførar å reise rundt til dei ulike bygdelaga for å informere om arbeidet og få innspel.

Alle innbyggjarar er hjarteleg velkomne!

Møta vert gjennomførte i samarbeid med bygdelaga fram til frist for innspel: 1.oktober. 

Det er sendt ut e-post til bygdelaga, og vi ber om tilbakemelding slik at møta kan planleggast best mogeleg.

Saman kan vi legge føringar for korleis vi skal bruke areala i kommunen i framtida!

Private innspel kan sendast til postmottak@vanylven.kommune.no. Merk med saksnr.: 21/1269.