Bruken av slike siktemiddel har ikkje vore lovregulert tidlegare og har difor vore nytta på jakt. Blant hjortejegerane i våre område har bruken vorte utbreidd dei seinare åra, ettersom teknologien gradvis har vorte lettare tilgjengeleg og rimelegare.
I samband med den nye lova er det gjort endringar i forskrift om utøving av jakt, felling og fangst (jaktutøvingsforskrifta), som opnar for at kommunane kan fastsetje lokal forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng. Føremålet med heimelen er ei meir effektiv og målretta forvaltning av hjort der dette er naudsynt for å avverje alvorleg skade på naturen eller samfunnsinteresser.
Formannskapet i Vanylven har vedteke å leggje forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termisk siktemiddel ved jakt på hjort i Vanylven kommune ut på høyring i seks veker.
Høyringsfristen er sett til 7. september 2026 kl 10:30.
Innspel kan sendast til postmottak@vanylven.kommune. Hugs å merk med saksnr. 26/750.