Styringsdata i sanntid

Styringsdata i sanntid

Vanylven kommune publisere no sanntidsinformasjon knytt til økonomi, personal og fagproduksjon, samt sanntidsinformasjon om bruk av konsulentar, overtid og vikarbyrå. 

Vanylven kommune har tidlegare publisert sanntidsinformasjon om porteføljeoversikta til kommunen ved bruk av Power BI. Vidare har kommunen, i samarbeid med Asplan Viak, òg fått publisert klimarekneskapen i Power BI. No har kommunen i samarbeid med PwC fått utarbeida ein Power BI, der vi presenterer nøkkeltal frå dei kommunale fagprogramma i sanntid:

I den første versjonen manglar vi styringsdata frå sak- og arkivprogrammet samt vårt avviksprogram, men dette vil kome på plass i løpet av juni 2025.

Ved å publisere nøkkeltal i sanntid ynskjer kommunedirektøren å sikre innsyn i den kommunale økonomistyringa; arbeidet med sjukefråvær og den kommunale tenesteproduksjonen. Kommunedirektøren har nyleg vedteke ei stor organisasjonsendring med færre leiarfunksjonar. Det blir då viktig at rapporteringa blir automatisert, for å sikre at politikarane får god styringsinformasjon i følgjande organisasjonsmodell:

Andreas Christian Nørve
- kommunedirektøren -